Pensjonat og trening

Vestbø Sportshest: Pensjonat og trening
for hobby- og sportshestar.



På Vestbø driv me aktivt både med sprangridning og køyring, hestane vert konkurrert i unghestklassar og t.o.m. MA i begge greiner. Me legg stor vekt på bakkearbeid og grunntrening, hestane vert jobba med vekt på lausgjering, balanse, smidigheit, sjølvbæring og ikkje minst at dei skal ha glede over treninga og utvikla mestringsfølelse og teknikk. Hestane vert også ridd på tur fleire gonger i veka. I tillegg til ein moderne utebane med kjempefin rytterstove til, har me også ubegrensa tilgong til turområder i både skog, mark og høgfjell. Ein lukkeleg hest er ein sunn, ivrig og lærevillig hest.

Me har tilbod for både dei som ynskjer ein kort- eller longtidsavtale med enkel pensjon av hesten, og for dei som ynskjer pensjon med trening. Både sports- og hobbyhestar er velkomne hos oss.

                 
Eksempel på kva me kan tilby deg og hesten din:         

 - Fullpensjon sommar (oppstalling på boks med gresshage, gruspaddock eller beite) NB! Du velger sjølv om hesten skal gå ute heile døgnet om sommaren, eller om hesten skal stå på stall om natta. Det er også mogleg å kun benytta boks ved f.eks. uvær. Dekkenskift er inkludert uansett.
- Fullpensjon vinter (oppstalling på boks med gruspaddock eller vinterbeite, eller utegang).
- Salg av din hest/ponni.
- Temming og trening, utdanning og konkurrering f.o.m. unghest t.o.m. MA.
- Vedlikehaldstrening medan du er på ferie.
- Klargjering til og eventuelt start av konkurranse, utstilling, unghest-test og hingstekåringar.
- Opptrening etter sjukdom/skade
- Omskolering av løpshestar og skolering av "problemhestar"
- For hestar som står i trening, vert det ført logg over alle økter som eigar får tilsendt på e-post kvar veke, me tek også bileter og videoar som sendes til eigar jamnleg.
- Me er godkjent hestetransportør, og kan bistå i transport av hest over heile landet.
- Me tek i mot både hest og ponni av alle rasar, hingstar, vallakar og hopper, unghestar og vaksne på alle nivå.


Gode referansar kan framleggas ved ynskje. På Facebook ligg det bileter frå plassen, og på YouTube ligg det eit stort utvalg videoar frå oss.
Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale, og eit skreddarsydd program til deg og din hest    


Me legg stor vekt på hestane si trivsel, dei får gå mykje ute enten i individuelle eller gruppe-paddockar, på beite eller i gress-paddock, alt etter behov. Alt grovfôr kjem frå garden, og vert analysert kvar haust for best mogleg fôringsplan. Det vert ført logg over kvar enkelt hest, slik at eigaren kan følga med på sin hest heile opphaldet.