Vestbø Sportshest

Vestbø Sportshest: Pensjonat, trening og salg

   av konkurranse- og hobbyhestar.


Vestbø ligg i dei mest idylliske omgivelsar du  kan tenka deg: i Målandsdalen ved R13, 1 mil sør for Årdal i Ryfylke, 2 mil nord for Stavanger.


  Vestbø vart bygd i byrjinga av 1950-talet, og vart tidligare dreven med sau og høyproduksjon. Sidan 2006 har det vore hest, beiter, høyproduksjon, og noko skog som står for drifta.
Totalt er garden på 15000 mål med skog og hei. Sjølve hovedkvarteret er 100 mål, og her har me store og lyse st allar, ein til hestane, og ein til ponniane. Me har også ein svært fin utegong med stort uteareal til. Vestbø har små og store paddockar med både grus og gras, moderne utandørs ridebane med komplett hinderpark, og ein mengde varierte tur- og treningsløyper i umiddelbar nærleik. For køyrehestane har me både 2- og 4-hjulsvogner til disposisjon.

  På sommaren har me store sommarbeiter for både hingstar, vallakar og hopper. Sports- og hobbyhestane kan velga mellom store gresshager og fine kulturbeiter. Vinterstid står dei aller fleste i gruspaddockar, men også då ynskjer nokon å benytta seg av dei godt drenerte kulturbeitene våre.


For meir informasjon om kva me kan tilby deg og din hest, sjå "Pensjonat og trening" .



VIDEOAR


Vårslepp på Vestbø.

https://www.youtube.com/watch?v=-43cie9CIig

Konkurransehest nyt fritid.

https://www.youtube.com/watch?v=kdB_tfI17VI

Ruskens Solve hoppar 120 cm barbak.

https://www.youtube.com/watch?v=dunFaub4P1k


Det ligg også mange videoar under kvar enkelt hest si side på denne heimesida.