Rytter og kusk på Vestbø


Ingeborg Flaate er rytter og kusk hos Vestbø Sportshest:


- Ingeborg er oppvaksen med hest i sine foreldres stall og har ridd sidan ho kunne gå. Ho fekk sin fyrste eigne ponni då ho var 9 år.

- Ingeborg har konkurrert sidan ho fekk sin fyrste ponni, i både sprangridning og køyring. I tillegg har temming og utdanning av unghestar alltid vore ei stor lidenskap, og noko ho har jobba med på si ved sida av skulegangen fram til ho flytta til Vestbø.


- Etter videregåande arbeidde Ingeborg 1 år med travkøyring og stallarbeid på Forus Travbane. Ho har også hatt ulike verv, bl.a. 2 år som leiar av Nordlandshest/Lyngshestlaget i Rogaland & Agder.

- Ingeborg er utdanna yrk essjåf ør med både CE og DE sertifikat, og er også godkjent hestetransportør. I tillegg har ho studert pedagogikk, samt fysikk, helse og fôring av hest.


- Ingeborg konkurrerer frå unghest t.o.m. MA i både sprangridning og køyring. På si køyrer ho og faren, Jostein, oppdrag med stasvogn, bl.a. Prinsesse Märtha Louise då ho besøkte den vakre bygda Årdal.                        

                                                     

                                     

På YouTube kan Dykk sjå eit utvalg videoar av konkurransar som Ingeborg har vore med på http://www.youtube.com/user/Vestbo06

Dykk kan også sjå på sidene til alle dei ulike hestane her ved Vestbø for resultater og bileter av ymse konkurransar.